Alexander Aga Røynstrand
Vinner av Landskappleiken i 2019.
ShowcaseScotland24
facebook.com/profile.php?id=683340538Alexander Aga Røynstrand har dei siste åra markert seg som ein av dei aller fremste utøverane på hardingfele i landet og kan smykke seg med tittelen meisterspelemann. På Landskappleiken i 2019 gjekk han av med sigeren i A-klassa for hardingfele, og vann med det kongepokal.
Hans musikalske uttrykk byggjer på det tradisjonelle
hardingfelerepertoaret i Hardanger med Knut Hamre og Anders Kjerland som dei
fremste ideala. Han har likevel gjennom mange år som solo hardingfelespelar
funne fram til personlege tolkingar og er særs oppteken av kva han ynskjer å
formidle gjennom musikken.
Ambisjonane til Alexander er å kunne leve av og arbeide som
soloutøvar på hardingfele og soleis også kunne vidareføre Hardangertradisjonen
til dei neste generasjonane. Han ynskjer også å leggje til rette for at flest
mogeleg vert eksponert for folkemusikk og at alle veit om denne fantastiske
musikken og tek ulike typar publikum som ei gledeleg utfordring. Alexander er
klar over at han aldri kjem til å kunne bli ferdig med å utforske tradisjonen
sin og å vidareutvikle sine eigne tankar kring den og sitt eige musikalske
uttrykk - men seier at dette er ein stor motivasjon for å halde fram som
musikar.