Aurom

EX.TRA23

auromtrio.com
Aurom2 foto Rakel Elmhjellen Paulsen
Trioen Aurom er EX.TRA artist i 2023 - foto: Rakel Elmhjellen Paulsen

Aurom er ein folkesongtrio som leikar med nyskaping, klang og improvisasjon. Og krafta i den menneskelege stemma. Målet med musikken til Aurom er å skildre dei sidene ved livet som ikkje kan skildrast med ord åleine. Dei slapp debutalbumet “Utan å dirre” i 2021 på Nye Nor. Albumet vart nominert til Folkelarmprisen i Open klasse. I 2024 slepper dei sitt andre album "O Svage Sind", eit tingingsverk med bidrag frå komponist Agnes Ida Pettersen og forfattar Agnes Ravatn. Albumet er inspirert av tolkingar av bergtakingshistoriar og naturmytiske ballader, og utforskar det skjulte og ville i oss. Aurom består av vokalistene Malin Alander, Ingebjørg Lognvik Reinholdt og Guro Utne Salvesen.