Gabba

Gabba er joikemeister John André Eira, og hans eminente band.

ShowcaseScotland24

gabbaband.com
Gabba (photo: Øystein Jensen)
GABBA er plukket ut som en av seks artister til å spille på Showcase Scotland i Glasgow 2024 (foto: Øystein Jensen)

Debutalbumet deira kom ut i fjor og vart omtala som eit av årets friskaste. Sjølv seier Gabba dei er sjamanane og motmedisinen for alle som har mista kontakt med røtene sine. Oppskrifta er nettopp blandinga mellom tradisjonsmusikk, blues, meisterleg joik og mystikk.

I dette møtet mellom tradisjonell joik, røffe gitarriff og intrikate basslinjer, smeltar urkraft saman med moderne musikk til ein suggererande viddeblues. Her er det lett å sjå for seg store vidder og vill natur, og på same tid kjenne på slektskapen til slentrande afrikansk ørkenblues!

Arrangementa er sterke, med flettverk av små melodiar og riff. Ein rik flora av instrument og lydeffektar er innom gjennom albumet. Frå små, intime lydar og kreativ bruk av synth, som ikkje står i vegen for det tørre, akustiske uttrykket ..” - Torkjell Hovland (Ballade.no)

John André Eira gav ut si første plate i 2014, med solo joik. I 2017 vann han Sami Grand Prix i joikedelen. Gjennom pandemi-åra har Gabba vore produktive og lisensiert og komponert musikk for media. Det mest spesielle sideprosjektet var truleg samarbeidet på HBO-serien Utmark som førte til singelen Horágallis. I tillegg har bandet var med på det kanadisk-norske prosjektet Nordic Bridges.

Their music encompasses the expected Sámi moods of beauty, bleakness and longing. Eira’s vocals, so reminiscent of Native American chant are captivating in their deceptive simplicity, and the a cappella numbers are wonderfully stirring” - Chris Wheatley (Songlines Magazine)