Rakkarpakk

EX.TRA23

rakkarpakk.no
Rakkarpakk bilete
Rakkarpakk er EX.TRA artist i 2023

Trioen Rakkarpakk møter folk i det nære, varme og leikande med folkesong og forteljing. Gjennom århundrer har historier og songar vorte spreia i situasjonar kvar folk møtest, og det er denne forteljartradisjonen Rakkarpakk identifiserer seg med og vil utforske. Dei badar, syng, går, skrattar, fortel og sveitter med kvarandre og sitt publikum.

Musikalsk nyttar dei den vokale, norske tradisjonsmusikken og klér den i eit trestemt format. Gjennom ei improvisatorisk tilnærming til arrangering skapast musikken med påverknad frå medlemma si erfaring og utdanning innan tradisjonsmusikk, tidlegmusikk og improvisert musikk. Slik blir deira musikalske uttrykk til gjennom leik.

Rakkarpakk består av Martin Steinum Brun, Victoria Oftestad og Vera Sonne.